Ryddeaksjonar
Rein Sognefjord – for fjorden, for framtida og for dei som kjem etter oss.
10. september gjer me det igjen – set av datoen!
Sogndal kommune jobbar saman med Framtidshavet for ein rein Sognefjord. Kvart år rydda me opp forsøpling frå fjorden. Bli med du og!
Fjorden treng oss – og tida for å handle er no. Me ser kva forsøpling gjer med naturen, dyrelivet og våre eigne leveområde. Kvar plastbit me fjernar, tel. Kvar einaste innsats, liten som stor, er med på å snu utviklinga. Marin forsøpling er eit stort problem, som påverkar livet i havet og alle som har noko med havet å gjera.
💚 Gjer ein forskjell. Gjer det for framtida. Gjer det for kjærleiken til fjorden.
Ryddelag og hygge
Spre bodskapen, ta med familie, vener, kollegaer – og bli med å skrive vidare på historia om ein reinare, vakrare Sognefjord.
👉 Les meir og meld deg på her: Rein Sognefjord — Framtidshavet Lenke til et annet nettsted.
I tillegg til ryddinga, er det viktig med kos, hygge og sosialt samvær rundt dugnaden.
Framtidshavet set av midlar til at registrerte ryddelag skal få dekkja utlegg som går til mat og drikke til sjølve dugnaden. Slik at dersom eit ryddelag har lyst til å bestille pizza, grille, ha kakao og liknande så er dette mogeleg. For å få dekkja utgifter til mat og drikke på dugnadsdagen, må ein ryddeleiar organisera og ta ansvar for at sitt ryddelag vert registrert.
Til den som melder seg som lokal ryddeleiar: Roller og oppgaver — Framtidshavet Lenke til et annet nettsted.
Sekkar og hanskar til ryddeaksjonen kan etter avtale hentast i Sogndal på Campus, i Sogndal kommune sine lokale.
Har du ikkje moglegheit til å få henta desse sjølv, vil me prøve å få til anna utlevering (gjeld for større ryddegrupper i Leikanger, Balestrand og Fjærland).
Det vil verte utplassert nokre sekker ved container på sjølve ryddedagen.
Ta kontakt med marianne.ovrid@sogndal.kommune for utlevering.
Sist oppdatert
Rein Sognefjord?
Kva: Ein strandryddedugnad der vi ryddar så mykje marin forsøpling vi kan på éin dag
Kvar: På land og langs heile kysten av Sognefjorden
Når: Sjå https://www.framtidshavet.no/reinsognefjord Lenke til et annet nettsted. for årets dato
Kven: For alle som bur rundt Sognefjorden eller som vil ta turen for å delta på ryddedugnaden
Det vert lagt til rette for at det er mogeleg å rydde i dagane før og etter dugnaden, og oppmoda til rydding gjennom heile strandryddeveka, sjå https://holdnorgerent.no/nasjonale-ryddedugnader/strandryddeuka/ Lenke til et annet nettsted.
