Barne-, ungdoms- og familiestøtte
Dette er eit psykisk helsetilbod til born og unge 0-20 år, inkludert foreldre. Du kan få hjelp til førebygging av psykiske vanskar, byrjande rusproblematikk og oppfølging ved belastande livshendingar.
Hjå oss møter du fagpersonar som kan hjelpe familiar og barn og unge med psykiske utfordringar eller i utfordrande livssituasjonar. Du kan få støtte ved stress, bekymringar, sterke kjensler, utfordringar i relasjonar, skule eller rus. Me jobbar for å styrke meistring, trivsel og utvikling og har eit tett samarbeid med andre tilsette som møter gravide, barn, ungdom og deira familiar gjennom ulike fasar av livet.
Tilbodet er gratis, frivillig og ein treng ikkje tilvising. Alle tilsette har teieplikt. Tenesta kan kontaktast på telefon, via kontaktskjema (krev innlogging med bank-ID/minID), eller via andre tilsette som ein allereie er i kontakt med.
Våre tilbod
- Kartlegging og behandling av psykiske vanskar og rusproblematikk hjå barn og unge. Samtalane kan gjennomførast åleine med barnet/ungdommen eller saman med foreldre/familie.
- Støtte og rettleiing til foreldre og kommande foreldre.
- Støtte i skulefråværssaker.
- Samarbeid og rettleiing til andre tilsette rundt barnet/ungdommen.
- Hjelp til å finne fram til aktuelle tiltak.
- Gruppetilbod for barn og ungdom:
Cool kids – gruppebehandling for barn og unge som opplever angst– planlagt oppstart vår 2027
- Gruppetilbod for foreldre:
Me tilbyr kursa COS og ICDP. Du finn informasjon og påmelding under. Gå til kursoversikta under for å sjå aktuelle tilbod.
Me er organiserte under helsestasjonen og har fokus på tett samarbeid med andre tilsette i oppvekstsektoren for å styrke barn og unge sin psykiske helse.
I tillegg har me eit tett samarbeid med jordmortenesta, fysio- og ergoterapi, barnevern, BUP og fastlegar.
Kursoversikt med påmelding:
Sist oppdatert
