Trygg og god skjermbruk
Sogndal kommune følgjer opp dei nasjonale råda som kjem om trygg og varsom skjermbruk, særleg for dei yngste elevane på 1-4. trinn.
Skulane skal ha ein gjennomtenkt digital praksis som nyttar moglegheitene for tilpasning, variasjon og elevmedverkning i opplæringa.
Ein skjerm er ikkje berre ein skjerm. Korleis teknologien vert brukt, kva den vert brukt til og kven den vert brukt saman med, er ofte vel så viktig som tidsbruk og eigenskapar ved skjermane i seg sjølv (regjeringa.no Lenke til et annet nettsted.).
Utdanningsdirektoratet sine råd for god digital praksis og skjermbruk i skulen
Utdanningsdirektoratet sine råd for god digital praksis og skjermbruk i skulen
Utdanningsdirektoratet (UDIR) sine råd for god digital praksis og skjermbruk i skulen:
- Beskytt dei yngste elevane
- Bruk sikre løysingar som ivaretek personvernet
- Beskytt elevane mot skadeleg innhald
- Planlegg opplæringa av elevane sine digitale ferdigheiter (konkretisert i Sogndalsskulen sin “Kvalitetsplan for fagleg oppfølging i Sogndalsskulen”).
- Prioriter opplæring i digital dømmekraft.
- Bruk digitale verktøy og ressursar når det er hensiktsmessig
- Involver elevane i skulen sin digitale praksis
- Prioriter lærarane sin digitale kompetansen
- Ha dialog med føresette om skulen sin digitale praksis
Følg denne lenka for å lese meir om råda på heimesida til UDIR. Lenke til et annet nettsted.
Skjermfrie måltid og friminutt
Skjermfrie måltid og friminutt
I Sogndalsskulen skal skjerm nyttast når det er hensiktsmessig i undervisninga. Det inneber at måltid og friminutt som hovudregel skal vere skjermfrie, for å gje barna pausar, sosialt samspel, leik og fysisk aktivitet. Ved måltid og i pausane kan bøker, lydbøker, musikk og liknande framleis nyttast.
Avgrensing av nettverk og nettsider
Avgrensing av nettverk og nettsider
I Sogndalsskulen avgrensar me nettet for å gjere det tryggare for elevane å bruke det digitale utstyret i skulekvardagen.
Me har ulike filter på nettverket til elevane som blokkerer tilgang på skadeleg innhald:
- Nettsider som Kripos ber kommunane blokkere
- Kategoriar av nettsider, blant anna sosiale medium, gaming, shopping. Dette inkluderer sperring av kjente nettsider som til dømes Youtube, Roblox, Snapchat, Discord.
- VPN styring av skuleutstyret, som gjer til at elevane har same filteravgrensing heime som på skulen
- IP-adressa identifiserer ikkje elevane på skulen
Brannmursavgrensinga me nyttar er frå Palo Alto.
Skulane skal undervise om digital dømmekraft og digitale spor. Det inneber retten ein sjølv og andre har til privatliv, personvern og opphavsrett.
Me følgjer tilrådingar frå Datatilsynet og KS i personvernvurderingar me gjer av dei ulike programma og nettsidene som vert nytta.
KS har utvikla nettsida Skolesec som tilbyr rettleiingar og verktøy for å jobbe med personvern. Her finn du òg ein ressurs for eit to timars foreldremøte Lenke til et annet nettsted. om personvern og informasjonstryggleik.

Bevisst bruk av bilete og film
Bevisst bruk av bilete og film
Ny teknologi gjer til at me må ta nye omsyn og tenke oss godt om før me tek, publiserer og lagrar bilete.
Alle må lære seg køyrereglar for kva ein kan legge ut på nett. Det er særleg viktig å respektere at andre kan ha andre grenser for kva ein vil ha liggande på nett av bilete og annan informasjon. Det er difor viktig at både skulen og heimen lærer unge å opparbeide digital dømmekraft, og er gode førebilete.
Datatilsynet har laga ei rettleiing om bilete- og videotaking av barn og og deling av denne type materiale. Rettleiinga er retta til både føresette, elevar og skuletilsette.
Lenke til rettleiing frå Datatilsynet Lenke til et annet nettsted.
Sjekk òg ut nettressursen Dubestemmer Lenke til et annet nettsted.frå UDIR og Datatilsynet.
Sjekkliste frå Datatilsynet
Her er noen stikkord til hva man må vurdere før deling av barnebilder, og som vi vil gå nærmere inn på i denne veiledningen:
- Lovlighet: Del aldri bilder av andres barn uten samtykke fra deres foresatte.
- Type bilde: Tenk over innholdet og bruk filter eller dårligere oppløsning når det er mulig, det gjør bildene mindre interessante for andre.
- Mengde: Del færrest mulig bilder.
- Kanalbruk: Vær bevisst på hvordan du deler bildene. Alt må ikke ligge åpent. Bruk personverninnstillinger og lag lukkede grupper.
- Slett jevnlig: Ta en vårrengjøring og slett tidligere bilder du har publisert med jevne mellomrom.
- Spør alltid barna: Bruk spørsmål som "Synes du det er greit at jeg deler dette bildet med familien eller vennene mine?" Da gjør du det forståelig for dem. Respekter svaret.
Skuletilsette har eit særleg ansvar for å følgje råda frå Datatilsynet og retningslinjene frå kommunen:
- Ver bevisst på både kva du tek slags bilete og mengde.
- Lagre bileta i kommunen sine interne, sikre system, ikkje i eksterne løysingar frå til dømes Dropbox, Google bilete eller andre tilbydarar. Bileta/video skal heller ikkje lagrast på privat telefon eller liknande utstyr.
- Del kun bilete/video etter føresette og barn sine samtykke. Hugs at barn ikkje er samtykkekompetente endå, så føresette må alltid spørjast. Føresette samtykkar via Visma appen “Min skole”.
- I høve markeringar som skuleavslutning eller liknande kan føresette ta bilete som eige minne, men desse bileta skal ikkje delast (særleg ikkje via sosiale medium).
- Slett alt bilete og videomateriale når barnet sluttar i klassen og særleg på skulen jmf. retten til å verte sletta etter personvernlovgivninga Lenke til et annet nettsted.
Vaksne må vere gode førebilete
Vaksne må vere gode førebilete
Både tilsette og føresette er rollemodellar, og påverkar barn og unge med haldningar dei viser til skjermbruk. Er skjermbruken til rollemodellane for høg vil det kunne svekke kvaliteten på relasjonen til barnet, då ein er mindre tilgjengeleg kommunikasjonsmessig.
Når vaksne er saman med barn og ungdom bør dei difor:
- Unngå skjerm for å trøsta eller avleia barnet frå negative kjensler
- Unngå at det vert nytta skjerm under måltid
- Unngå å ha skjerm på i bakgrunnen, særskilt saman med små barn
- Sørge for at skjermbruk ikkje går på bekostning av barnet sine behov for fysisk aktivitet, leik eller sosial samspel
- Sørge for at barnet unngår skjerm den siste timen før leggetid, og ikkje har tilgang til skjerm på soverommet
- Engasjere seg i da som skjer på skjermen, og snakke med barn om korleis digitale opplevingar kan påverke tankar og kjensler.
Sist oppdatert
