Rett og plikt til grunnskuleopplæring
Barn og unge har plikt og rett til grunnskuleopplæring i ein offentleg grunnskule i samsvar med lov og forskrift.
Retten gjeld når det er sannsynleg at barnet skal opphalde seg i Noreg meir einn tre månader. Plikta startar når opphaldet har vart i tre månader.
Grunnskuleopplæringa skal til vanleg ta til det kalendaråret barnet fyller 6 år. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilhøve vedta å utsetje skulestarten eitt år. Søknad om utsett skulestart skal gå gjennom PPT.
Rett og plikt til opplæring varer til eleven har fullført det tiande skuleåret.
Sist oppdatert
Fann du det du var på jakt etter?
