Plasstilbod

Sogndal kommune har følgjande plasstilbod

  • Morgonplass som følgjer skuleåret
  • Ettermiddagsplass som følger skuleåret
  • Ettermiddagsplass, to dagar (2 fastsette vekedagar som følger skuleåret)
  • Ettermiddagsplass, tre dagar (3 fastsette vekedagar som følger skuleåret).
  • Heilplass som følger skuleåret
  • Heilplass inkludert alle skulefrie periodar
  • Gratis 12-timarsplass 08.00 – 15.00 dagleg for 1.- 3. trinn
  • 12-timarsplass 08.00 – 15.00 dagleg som følger skuleåret for 4. trinn
  • Kjøp av dagar / veker i skulefrie periodar. Dette vert gjort manuelt for kvar gong gjennom eigen søknad til rektor.

I skulefrie periodar får alle elevar på 1.- 3. trinn tilbod om 2 dagar gratis plass pr. veke, i tillegg til einskilddagar som er utanfor skuleruta. Desse dagane må avklarast på førehand. 

Det er berre kjøp av dagar / veker i skulefrie periodar ein kan kombinere med andre tilbod.

Ein har plassen på SFO til barnet går ut av 4. klasse, eller til den vert sagt opp skriftleg. 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?