Møteplassar og fritidstilbod for ungdom
Møteplassar for ungdom
Ungdomskjellaren
Kvar: Kjellaren på Sogndal kulturhus
Når: Måndag: 15.00–20.30, Torsdag: 15.00–20.30
Her har me mellom anna: Toast/varmmat. biljard, bordtennis, airhockey, fotballspel, Nintendo, Playstation, instrument, hobbykrok, lesehjørne, brettspel, “snekkarkrok”, partyhøgtalar/karaoke, konkurransar. Ungdomskjellaren er eit tilbod for deg som ønsker ein inkluderande og trygg møteplass der det alltid er noko å gjera, men også rom for å berre slappa av og vera deg sjølv. Ta kontakt med Jakub eller Magnus ved behov, dersom du treng assistanse, eller du ynskjer å bli kjend med lokalet i fred og ro.
BeatBox
Kvar: Blaoboxen i Sogndal kulturhus
Når: Klokka 16-20 første måndag i månaden (ikkje januar)
Kva: Møteplass for ungdom og unge vaksne (13-25 år) med mat og musikk. Varmmat og vafler, og høve til å lære instrument/jamme/lytte/henge.
Ungdomsklubben i Balestrand
Kvar: Belehalli
Når: Tysdagar frå 15-19.30
Her har me mellom anna: Playstation 5, partyhøgtalar/karaoke, pingpong, varmmat, popcornmaskin, brettspel og innimellom open hall.
Meirope bibliotek: Ope til kl. 19 onsdagar. Eiga sone for ungdom med tv, playstation og brettspel.
Ungdomsklubben på Leikanger
Kvar: I nye, ungdommelege lokale i Saften (inngang på baksida av bygget)
Når: Onsdagar 15-19.30.
Her har me mellom anna: Bordtennis, Playstation, handbak, biljard, shuffleboard, brettspel, musikkinstrument og mykje meir. Varmmat kvar gong!
Ungdomskveldar på Kaupanger
Kva: Mat, quiz, kahoot, brettspel, padel
Kvar og når:
- ViteMeir frå 19.30-21 dei tre siste onsdagane i månaden/datoane: 26.11., 10.12. og dei tre siste onsdagane i januar og februar.
- Kaupanger Padel: kl. 20 – 22, første onsdag i månaden/datoane: 19.11, 3.12., 17.12., 7.1., og 4.2. Tilgang til kjøken og kafékrok, høve til å steike pizza/lage mat.
Ungdomskveldar i Fjærland
Har ikkje faste opningstider, men sporadiske arrangement, i tett samarbeid med Fjærland Ungdomslag. Pizza, toast/vaffeljern, Playstation, fotballbord, partyhøgtalar/karaoke.
Alle ungdomsklubbane i kommunen er gratis å delta på, og alle ungdommar mellom 13 og 19 år er velkomne!
Andre fritidsaktivitetar
Det er mange frivillige lag og organisasjonar som tilbyr eit mangfald av ulike fritidsaktivitetar.
Rocket-Man
Rocket-Man er eit inkluderande og aktivt fritidstilbod for ungdom mellom 13 og 18 år i Sogndal kommune.
Kvar ungdom som deltek, blir kopla saman med ein aktivitetsguide – ein ung vaksen mellom 18 og 30 år som fungerer som ein «storebror» eller «storesyster». Aktivitetsguiden planlegg og deltek på aktivitetar, byggjer gode relasjonar og bidreg til at alle kjenner seg inkluderte og trygge.
Meir informasjon: Rocket-Man Sogndal
Info i sosiale medium
- Felles for heile kommunen: Facebook: Ungdomsavdelinga i Sogndal Kommune, Instagram: ungdomsavdelingasogndalkommune, Snap: ungdomsavdsogn
- Sogndal: Snap: ungdomskjellar
- Leikanger: Facebook: Leikanger Ungdomsklubb, Instagram: leikangerungdomsklubb
- Balestrand: Instagram: balestrandungdomsklubb Snap: balestrandung
Sist oppdatert
