Rocket-Man

Rocket-Man er eit inkluderande og aktivt fritidstilbod for ungdom mellom 13 og 18 år i Sogndal kommune.

Me ønskjer å skape ein trygg møteplass der ungdom kan vere seg sjølve, bli kjende med nye menneske og oppleve meistring gjennom varierte aktivitetar.

Kvar ungdom som deltek, blir kopla saman med ein aktivitetsguide – ein ung vaksen mellom 18 og 30 år som fungerer som ein «storebror» eller «storesyster». Aktivitetsguiden planlegg og deltek på aktivitetar, byggjer gode relasjonar og bidreg til at alle kjenner seg inkluderte og trygge.

Me tilbyr eit breitt spekter av aktivitetar, som kan variere frå friluftsliv, trening og kreative prosjekt til matlaging, spelkveldar og andre sosiale samlingar. Aktivitetane blir tilpassa og utvikla i samarbeid med ungdomane sjølve – det er deira interesser og ønskje som står i sentrum.

I tillegg til aktivitetsguidane har me med trygge, frivillige vaksne som støttar opp om fellesskapet og bidreg med erfaring, omsorg og engasjement. Saman byggjer me eit varmt og positivt miljø der ungdom kan utvikle vennskap, få nye erfaringar og ha det kjekt saman.

Rocket-Man er ein del av Sogndal kommune si satsing på ungdom. Arbeidet er allereie godt i gang, og målet er å etablere eit tilbod i heile kommunen – frå Balestrand til Kaupanger – slik at fleire ungdomar kan få ein fast og trygg fritidsarena å høyre til.

Logoen til Roket Man og bilete av ein ribbåt

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?