Trafikksikker kommune

I trafikktryggingsplan 2023-2026 for Sogndal kommune pdf, 1 MB., som vart godkjend i kommunestyret 15.12.22, står det at Sogndal kommune skal bli ein Trafikksikker kommune innan utgangen av 2025.

Trafikksikker kommune er ei godkjenningsordning for kommunane. Det er Trygg Trafikk som har ansvar for godkjenninga i nært samarbeid med fylkeskommunane. Å bli godkjend er ingen garanti for fråvær av ulukker, men er et kvalitetsstempel for godt, målbevisst og heilheitleg kommunalt arbeid med trafikktryggleik.

For å bli godkjend som ein trafikksikker kommune, er det nokre kriterium som kommunen må oppfylla: Kriterier og veileder - Trygg Trafikk Lenke til et annet nettsted.

Kort fortalt er det dette kommunen skal levere på:

  • Trafikktryggingsplan
  • Rutinar for brøyting, strøing og vegetasjonsrydding
  • Rutinar for kjøp av transporttenester
  • Retningsliner for tenestereiser
  • Rutinar for å ivareta trafikktryggleiken i samband reguleringsplanar
  • Oversikt over helsestasjonen sitt trafikktryggingsarbeid
  • Omtale av kommuneoverlegen/fastlegane sin praksis om tap av førarrett
  • Kva kommunen kan gjere for å stimulere lag og organisasjonar til å innarbeide trafikktryggleik i sine aktivitetar
  • Skulane skal dokumentere
    • trafikktryggleik er innlemma i årsplan / eller eigen plan
    • skriftlege rutinar for turar til fots, med sykkel, bil eller buss.
    • Korleis foreldrene vert orientert om skulen sine rutinar for turar
  • For barnehagane gjeld det same som for skular


Når all dokumentasjon er på plass går Trygg Trafikk sentralt, som har godkjenningsansvaret gjennom dokumentasjonen frå kommunen og godkjenner.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?