For kulturområdet gjeld følgjande:

Biblioteka
Er opne som normalt, men gjennomfører ingen arrangement. Har forsterka smittevern.

Frivilligsentralane
Er opne for utlån av utstyr, og individuelle tenester vert utført. Møtepunkt der brukarar samlast som t.d. ved LF Riverdal møteplass vert avlyst.  

Kulturhuset
Kulturhuset er stengt og alle arrangement inkl. kino er avlyst.

Kulturskulen
Individuell undervisning held fram. Det same gjeld undervisning for mindre grupper innan kohortar som er saman til vanleg. Undervising i store grupper, og der deltakarane er frå ulike kohortar, vert avlyste eller vert gjennomført digitalt. Kulturskulen informerer elevar direkte om ev. endring i undervising.

Tiltaka gjeld i første omgang til 29.03. Det vil bli teke stilling til endringar seinast fredag 26.03.