Sogndal kommune si delingsteneste på www.sogndal.kommune.no kan brukast til å vidaresende tips eller dele artiklar frå nettsteden. Opplysningar om deling, slik som e-postadresse, vert ikkje logga. Korleis det aktuelle nettsamfunnet handterer dataene vidare vert regulert av den avtalen du har med nettsamfunnet.

I nyhendebrev-løysninga vår vert det heller ikkje brukt dynamiske delingsknappar. Det vil sei at det ikkje vert køyrt eit skript på sida som automatisk sender opplysningar om deg til Facebook og Twitter, slik det ofte vert gjort. I staden er det lagt enkle lenkjer på knappane som du kan bruke for å dele nyhendebrevet til Facebook og Twitter.