Onsdag ettermiddag og kveld har 56 personar vorte testa for korona. To av desse, begge elevar i 6. klasse testa positivt på hurtigtest. Totalt er det no påvist fire smitta knytt til skulen. Frå tidlegare var det klart at ein student som har vore i praksis og ein lærar, har testa positivt.

- Smitten er så langt avgrensa til ein klasse, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø.

For å få oversyn over situasjonen og stogga spreiing av smitte, vert Kaupanger skule stengd torsdag 18. og fredag 19. mars. Det er sendt ut informasjon om dette til foreldra.

Det vert frå og med torsdag 18. mars innført påbod om munnbind for pasientar ved Sogndal legesenter.

Det skal vera låg terskel for koronatesting for personar med symptom som kan tyda på koronasmitte.

- Me følgjer situasjonen tett og har dialog med Folkehelseinsituttet. Me vil fortløpande vurdera om det må setjast inn ytterlegare tiltak, seier ordførar Arnstein Menes.

Dersom du har symptom, kan du bestilla time til testing på www.c19.no eller kontakta legekontoret. Ved spørsmål om korona, kan du ta kontakt med koronatelefonen på 57 65 28 00 og e-post korona@sogndal.kommune.no.

Informasjon om koronasmitten send ut til føresette ved Kaupanger skule