Det er opna for å søkja på desse ordningane:

1: Momskompensasjonsordninga

Erfaring frå tidlegare år viser at det finst lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette kan vera lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund.
Slike såkalla underledd må senda inn søknad gjennom sentralleddet sitt.

Det er også ein del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar.

Minstegrenser

  • For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 100 000 kroner i søknadsgrunnlag (søknadsgrunnlag = driftskostnader minus eventuelle avgrensing og frådrag).
  • Etter dokumentert søknadsmodell er minstegrensa 7 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for.

Søknadsfristen er 1. september 2021.

Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Alle mottakarar av momskompensasjon må vera registrert i Frivilligregisteret innan 1. september 2021. Dette gjeld òg dei som søkjer via sitt sentralledd. Husk at registrering kan ta litt tid.

Meir informasjon

De kan lesa meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonarwww.lottstift.no

2: Ny koronaordning for frivillige lag og organisasjonar

Frivillige lag og organisasjonar kan no søkja om tilskot i samband med arrangement og aktivitetar som er påverka av covid-19 pandemien.

Føremålet med ordninga er å stimulera til gjennomføring av arrangement/aktivitet, men den gjeld også dersom ein må avlysa på grunn av restriksjonar eller råd frå myndigheitene i samband med covid-19.

Denne ordninga gjeld for perioden 1. januar til 31. august 2021.
Søkarar må vera registrerte i Frivilligregisteret.  

Kva kan det søkast om?  

  • Støtte til meirkostnader på grunn av smitteverntilpassingar eller i samband med utvikling/tilpassing av aktivitetar. Dette kan for eksempel vera innkjøp av smittevernutstyr, kostnader til leige av større lokale, digitalisering av eksisterande tilbod eller nye aktivitetar som digitale møteplasser.  
  • Støtte til mindreinntekter frå avlyste eller delvis gjennomførte arrangement. Dette kan for eksempel vera tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarked eller kioskinntekter.  
  • Mindreinntekter frå anna spesifisert aktivitet avgrensa til publikumsinntekter og utleigeinntekter. Dette kan for eksempel vera museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg. Utleigeinntekter kan vera utleige av bygningar, anlegg, hytter, fartøy eller andre rom og lokale.    

Søknadsfristen er 15. september 2021.

Meir informasjon

Finn informasjon, søknadsskjema og rettleiing om koronaordningawww.lottstift.no  

Har du spørsmål?  Ta kontakt med Lotteri- og stiftelsestilsynet på covid@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.