Me har fått tilgang til 8 sesongkort som me skal dela ut til barn og unge som har interesse for skiaktivtetar, men som ikkje har råd til sesongkort. Me etterlyser difor ei tilbakemelding frå dei familiene som har ein son eller ei dotter som ynskjer seg fleire timar i skitrekket, men som ikkje har økonomi til dette.
 
Sidan snøen og forholda er så flotte no, ynskjer me å få delt ut desser sesongkorta snarast råd. Om du veit om nokon som kunne tenkt seg sesongkort, tips dei gjerne.
 
Skriv ein e-post til oss i ungdomsavdelinga der du beskriv kvifor de skal få eit sesongkort til Sogndal Skisenter Hodlekve, samt kontaktopplysingar me treng for å komme i kontakt med dykk innan tirsdag 19. januar.
 
Me har tauseheitsplikt, og vil ikkje gi ut noko info til andre om kven som har sendt oss ein førespurnad i denne samanheng. Sesongkortet er personleg og kan berre nyttast av den personen som blir registrert til det.

Om barnet dykkar manglar utstyr, har frivilligheitsentralane i Sogndal og Leikanger mykje utstyr som kan lånast.

 

Kontaktinformasjon:
Maria Kalstad Brun, ungdomsleiar i Sogndal kommune
E-post: maria.kalstad.brun@sogndal.kommune.no
Tlf: 95105625/41160148