Opplever du utfordrande lydforhold i klasserommet? Er du lærar og slit med stemma? Har skulen din elevar med anna morsmål, lese-skrivevanskar, hørselsutfordringar eller andre funksjonsnedsettingar?
Miljøretta helsevern (MHV) i Indre Sogn, har kjøpt inn lydutjamningsanlegg som vi låner ut. Dette for å betre trivsel og læring for elevar og barn i skule og barnehage. Har ein elevar eller barn med påvist hørselshemming får ein montert lydutjamningsanlegg med støtte i frå hjelpemiddelsentralen. Kunnskap om lyd og lydforhold, knytt opp mot trivsel og læring, tilseier at elevar uansett funksjonsnivå har behov for særs gode lydforhold. Spesielt viktig er det for dei yngste elevane. MHV ønsker at alle klasserom skal få montert lydutjamningsanlegg og at dette blir standard utstyr i norske klasserom. Ta kontakt om du ønsker å prøve dette ut - mhv@sogndal.kommune.no
Lydutjamningsanlegg fungerer slik at alle i klasserommet høyrer det læraren seier like godt, uavhengig av kvar i rommet ein er plassert. Meir informasjon kjem