I første omgang vil vaksinen berre vera tilgjengeleg for personar i risiko for alvorleg forløp ved influensa. Dette gjeld personar over 65 år, vaksne og barn med diabetes, kroniske sjukdomar i hjarte, luftvegar, lever, nyre eller nervesystem, svært alvorleg overvekt, gravide frå 12. svangerskapsveke og personar med nedsett immunforsvar, samt husstandsmedlemmer til personar med nedsett immunforsvar.

Det blir sett opp vaksinering på følgjande tidspunkt:

  • Balestrand: Balestrand legekontor måndag 26.10. og onsdag 28.10. kl. 1600 – 1900
  • Leikanger: Leikangerhallen/Saften onsdag 28.10, torsdag 29.10. og fredag 30.10. kl. 0900 – 1430
  • Sogndal: Kantina ved Sogndal helse- og omsorgssenter måndag 26.10 og tirsdag 27.10 kl. 0830 – 1500

Det vil vera personell til stades for å hjelpa til med at smittevernreglar blir følgde.

Influensavaksine for personar i risikogrupper kostar kr 50,- (gratis for dei som har frikort). Betaling helst med Vipps eller telefon. Ved kontant betaling ber me om at det blir teke med nøyaktig beløp.