Den nasjonale anbefalinga er gult nivå i barnehagar og barne- og ungdomsskular og grønt nivå i vidaregåande skular og i vaksenopplæring, der smittesituasjonen lokalt tilseier det. Men regjeringa slår fast at kommunane må gjera eigne vurderingar etter den lokale situasjonen.

Sogndal kommune har, etter råd frå smittevernlegen, gjort ei vurdering av smittesituasjonen og bestemt at tiltaksnivået i skule og barnehage til å vera på

  • grønt nivå for vidaregåande skular og vaksenopplæringa
  • gult nivå for barnehagar og grunnskular

Dette vil gjelda frå og med måndag 17. januar.

Dette er dei nye nasjonale tiltak: Regjeringen letter på tiltakene - regjeringen.no