Natt til torsdag 25. mars skal Statens Vegvesen utføra gravearbeid i nærleiken av kommunen si hovudvassleidning ved travbana på Kaupanger. I samband med dette vil kommunen, som eit ekstra sikringstiltak, stenga vassforsyninga inn til Sogndal frå kl. 23:00 onsdag 24. mars til seinast kl. 07:00 torsdag 25. mars.

Sogndal sentrum, Barsnes, Loftesnes og Kvam vil i denne perioden vera forsynt frå kommunen sine høgdebasseng. Vasstrykket i nettet kan då vera noko redusert i forhold til normalsituasjonen.

Strekket frå Loftesnes til travbana på Kaupanger vil vera utan vatn i perioden, dvs. Kjørnes, Eidet og Vestreim.