|
|
Barnehage på veg ut i det fri
Frå hausten 2010 vil Sogndal kommune kunne tilby eit nytt barnehagetilbod i Kjørnes barnehage – ei uteavdeling med plass til 18 nye barn. Alle barna med unnatak av dei aller yngste får vere i uteavdelinga i periodar på 2 veker om gongen.
Det vert no bygd ny garderobe med gode tørkemoglegheiter og toalett i nærleiken av barnehagen og ein trelavvo som kan varmast opp og ha plass til alle på ein gong. Mykje av aktiviteten vil skje i skogen og nærmiljøet rundt barnehagen, men vi kan og reise med buss til biblioteket, storhallen, museet, kunstutstillingar og andre stader som tek imot barnegrupper. Utegruppa vil og dra på fjellturar, gardsbesøk, isfiske og bading tilpassa ver og årstid. Barnehagen har alt lavvo, bålplass og robåt.
Siste nyhende:
/blank1x1.gif/$File/blank1x1.gif) | 09.02.2010 |
/blank1x1.gif/$File/blank1x1.gif) | 09.02.2010 |
/blank1x1.gif/$File/blank1x1.gif) | 05.02.2010 |
/blank1x1.gif/$File/blank1x1.gif) | 29.01.2010 |
/blank1x1.gif/$File/blank1x1.gif) | 28.01.2010 |
/blank1x1.gif/$File/blank1x1.gif) | 22.01.2010 |
|
|
|
Gravensteinsgata 17
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Tlf: 57 62 96 00
Faks: 57 62 96 01
Org.nr. 936 401 651
E-post:
Postmottak
Webredaktør
Ansvarleg redaktør
|