Rutinane til kommunen som skal hindra at dette skjer, har vore følgde. Likevel har fullt namn og personnummer vorte publisert i ein elektronisk signert møteprotokoll på nettsida til kommunen. Avviket skuldast truleg ein teknisk feil i systemet, og dette vert følgt opp.

Opplysningane låg ute på nettsida til kommunen nokre timar, og feilen vart retta så snart det vart oppdaga.

- Det er skrive avviksmelding, og personane som er råka, er informerte og har fått ei orsaking frå kommunen. Me ser alvorleg på at ein slik teknisk svikt kunne skje, og vil gjera det me kan for at det ikkje skal skje att, seier Tor-Einar Holvik Skinlo, kommunalsjef for administrasjon.