Ordførar Arnstein Menes gratulerte medlemmene med vervet og orienterte om nemnds- og rådsstruktur i kommunen, og oppgåvene til kulturrådet særskilt. Leiar og nestleiar i komité for samfunnsutvikling, Kristin Rundsveen Bøtun og Hans Cristian Knudsen var òg til stades.

I dette møtet brukte rådet mest tid til å drøfta rapporten «Sogndal kulturhus – korleis møte framtida?». Rådet gav si støtte til tilrådinga frå komité for samfunnsutvikling. Dei meinte at frigjort areal både i Blaoboxen og 2. etasje må nyttast til kulturføremål. Rådet meiner at det er behov for å auka ambisjonsnivået til Sogndal kulturhus, og auka dei økonomiske rammene. Kulturrådet meiner vidare at ei lokalisering av kulturadministrasjonen i kulturhuset vil kunne bidra til betre kommunikasjon og samhandling i kulturfeltet, og styrka rekruttering av nye tilsette. Sogndal kulturhus skal vera ei drivkraft og inspirasjon for generelt kulturarbeid for heile kommunen og for andre kulturhus i kommunen, avslutta rådet i sin uttale. 

Elles ynskjer rådet i sitt neste møte å drøfta frivilligpolitisk plattform og retningsliner for kulturtilskot. Rådet spurde òg etter eit oversyn over aktive kulturhus i kommunen (bygdahus/grendahus), og gjerne stoda til desse per no. «Har kommunen gjort seg nokre tankar kring rolla til desse husa; og si rolle i høve desse (stort sett) dugnadsbaserte husa?» er spørsmålet rådet ynskjer vurdert.  

Presentasjonsrunden som vart gjennomført dokumenterte at kommunen har fått eit råd med mange erfarne kulturarbeidarar som representerer ei stor breidde.