Kjære innbyggjar i Sogndal kommune!

Som ordførar vil eg få takka kvar og ein av dykk for innsatsen de gjer for at dette skal vera ein god og trygg kommune å bu og leva i! Det er kjekt å høyra og sjå at folk fylgjer dei nasjonale råda me alle har fått.

Dei siste tre-fire vekene har vore spesielle for oss alle. Situasjonen gjer oss spente, bekymra og kanskje og litt redde. Mange har heimekontor, medan me i kommuneleiinga har vore mykje på Tinghuset på Leikanger. Her går me i store omvegar for å ikkje koma for tett på kvarandre, og det har gått greitt, for me er ikkje so mange. Kriseleiinga har vore samla om lag kvar dag, og me har handtert spørsmål og problemstillingar etter kvart. No arbeider me med bemanningsplanlegging og førebur oss på ulike scenario. Det er ganske uverkeleg, ja eigentleg veldig rart det me står oppi. Noko me ikkje ante kunne skje for ein månad sidan, opptek oss kvar einaste dag, og påverkar alt me gjer.

Når me ser på nyhende frå verdi rundt oss, so kan me likevel vera takksame for at me bur der me bur. Korona-viruset har kome til Noreg òg, og det tek liv. Men me har kloke folkevalde og eit godt helsevesen som har gitt oss klare retningslinjer, me har flinke og omsorgsfulle helsearbeidarar, me har reinhaldarar som legg ned ein stor innsats for å hindra smittespreiing, me har digitale lærarar som tek vare på borna våre, og me har ansvarsfulle foreldre som forstår og vil hjelpa til.

Med langt over 1000 tilsette i kommunen vår, har me mange som løyser ulike oppgåver. Dei fortener ros alle saman. Torsdag hadde me i kommunestyret møte i nesten fire timar på nettet. Takka vera flinke folk som hadde tilrettelagt møtet vårt, gjekk alt etter planen. Me avslutta møtet med applaus til alle dei som arbeider i kommunen vår!

No går me inn i ei annleis påsketid. Eg håpar de kan få litt tid heime saman med familie den neste veka, sjølv om mange av dykk og skal arbeida i påsken. So har me slike hjelpemiddel som mobiltelefon, nettbrett og anna som kan hjelpa oss å halda kontakten. Bruk den! Ring ein ven du ikkje har snakka med på ei stund, ring nokon du veit kanskje sit åleine. Og om du sjølv er ein av dei som sit åleine i desse dagar, so skal du vita at me tenkjer på deg. Me må syna at me bryr oss om kvarandre!

Mange ynskjer å koma seg opp i fjellet for å finna påskesnøen, og det kan eg sjølvsagt ikkje nekta dykk. Men tenk tryggleik og hald avstand! Lytt til dei råda som vert gjevne om å unngå dei mest krevjande turane. Beredskapen hjå Røde Kors er til dømes basert på heimevakt. Ved å ta vare på deg sjølv, tek du òg vare på andre! Kanskje er det ein tur i lokalmiljøet du lenge har tenkt du skulle gå?

God påske!

Arnstein Menes, ordførar