Den eine smitta hadde vore på Caffe Prego på Amfi Sogningen måndag 2. august. Han hadde 3 nærkontaktar der som vart testa i går kveld. Desse er sette i 10 dagars karantene.
Det skal ikkje vere fare for smitte blant andre gjester.
Vedkommande har også delteke på eit arrangement i regi av kommunen måndag og tysdag denne veka. Det er i samband med dette identifisert 25 nærkontaktar som er testa og sette i karantene. Alle desse har testa negativt på hurtigtest i dag. Smittesporinga er førebels avslutta.
 
Dei to andre smitta er også i same husstand. Smittevegen til desse to er ukjend og har ikkje relasjon til utbrotet på Meat Point. Den eine av dei smitta var på jobb på sjukeheimen i Sogndal laurdag 31. juli. Nærkontaktar på jobb er identifiserte og det er testa 8 pasientar og 7 tilsette. Alle har negative hurtigtestar. Ein tilsett er uvaksinert og difor i karantene. Pasientane blir følgde opp med ny test laurdag og tysdag, hhv. dag 7 og 10 frå siste kontakt.
 
Det er i dag teke totalt ca. 70 PCR-testar og ca. 40 hurtigtestar. Alle hurtigtestane er negative.
 
Me ventar svar på ca. 60 prøvar tekne i går utover kvelden.
 
Det er på nytt innført besøksrestriksjonar ved sjukeheimen i Sogndal. Desse vil bli revurderte måndag 9. august.

Ta test og hald deg heime viss du er sjuk.
Hald avstand og vask hender.