Det meste er no oppe og går att etter at linjene til SYSIKT er kopla over på annan fiber.

Dersom du ikkje når fram på telefon til den i kommunen du skulle ha snakka med, kan du ta kontakt med innbyggjartorget på tlf. 57 65 25 00.

Fleire tenester i Sogndal var fredag morgon nede på grunn av fiberbrot mellom Leikanger og Sogndal som oppstod torsdag kveld.
Nokre tenester var flytta til alternativ fiber fredag morgon, men ikkje alle.

Desse tenestene var nede fredag morgon:

  • Sogndal, Leikanger og Balestrand legekontor
  • Alle kontorarbeidsplassar i Sogndal som er tilkobla SYSIKT
  • Telefoni (Skype) i Sogndal
  • Norane oppvekstsenter
  • Sogndal helse- og omsorgssenter