Under ein nyleg gjennomført studietur til Polen gjennom eit EØS-samarbeid, fekk me eit unikt høve til å utforska og lære om polsk kultur, samtidig som me delte erfaringar og kunnskap med dei polske kollegaene våre. Med oss på turen var seks engasjerte ungdommar frå ungdomsrådet, saman med tilsette frå kommunen og representantar frå Sogndal idrettslag.

 

I løpet av opphaldet i Ostrowiec Swietokrzyski fekk me eit djupare innblikk i polsk kultur gjennom ulike aktivitetar og møte. Spesielt interessant var det å høyra om dei spennande prosjekta som er sett i gang gjennom EØS-finansiering. Gjennom desse prosjekta fekk me også høvet til å sjå konkrete resultat av det bilaterale samarbeidet .

 

Spesielt gledeleg var det å sjå korleis ungdomsråda frå begge kommunane kunne samarbeida og utveksla idear og erfaringar. Denne forma for ungdomsdeltaking og internasjonal forståing er avgjerande for å byggja bruer mellom ulike kulturar og styrkja samhaldet mellom menneske.

 

Ungdommane frå Sogndal seier det var ein kjekk og lærerik tur, der dei fekk møtta andre kulturar og sjå korleis ungdommane der har gjennomføringskraft i sin kommune. "Det har vore eit flott opplegg og god kontakt mellom oss ungdom frå Sogndal og Polen", er tilbakemeldinga frå dei som var med.

 

Alt i alt var studieturen til Polen ei svært berikande oppleving, som ikkje berre gav oss eit innblikk i polsk kultur og samfunn, men også styrkte banda mellom dei to kommunane og ungdomsråda. Me ser fram til framtidige samarbeidsmoglegheiter og utvekslingar som kan bidra til ytterlegare vekst og forståing mellom samfunna våre.

 

Nysgjerrig på heile prosjektet? Sjå meir på nettsida som den polske kommunen har for prosjektet