Å vera lærarutdanningsbarnehage eller -skule inneber eit forpliktande samarbeid med Høgskulen på Vestlandet om å fremja og utvikla kvalitet i barnehagen og skulen og høgare utdanning. Det er ei fin moglegheit for barnehagar og skular til å rekruttera gode barnehagelærarar og lærarar, få hjelp til forskings- og utviklingsarbeid og til å bidra i utviklinga av lærarutdanninga. 

For å kunne verta ein lærarutdanningsbarnehage/-skule må du innfri mange krav og vera ein fagleg og pedagogisk føregangsbarnehage/-skule. Fosshagen utdanningsbarnehage, Stedje barnehage og Kvåle skule er no sikra mange studentar i praksis. Dette er òg veldig viktig med tanke på utvikling og rekruttering. 

Fleire tilsette i begge barnehagane og Kvåle skule har teke vidareutdanning i rettleiing, og dei har eit solid system for å ivareta studentar, samt å delta i forskings- og utviklingsprosjekt i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. 
 
Dette vert andre perioden til Fosshagen utdanningsbarnehage, medan Stedje barnehage og Kvåle skule er nye som lærarutdanningsbarnehage/-skule, så dei har gjort gode inntrykk på styringsgruppa som har valt ut dei nye lærarutdanningsbarnehagane/-skulane. Her har barnehage og skuleleiinga, LU-kontakt og personalet gjort ein god jobb, og me ønskjer dei lukke til vidare i det viktige samarbeidet med Høgskulen på Vestlandet.   

Ordninga med lærarutdanningsbarnehagar/-skular i Vestland starta med eit pilotprosjekt i 2020-2024 der Fosshagen utdanningsbarnehage var med i piloten. Når ordninga no skulle vidareførast for fire nye år, fekk 15 kommunar som har signert samarbeidsavtale med Høgskulen på Vestlandet invitasjon til å søkja.  

Me gratulerer Fosshagen utdanningsbarnehage, Stedje barnehage og Kvåle skule, og ynskjer dei lukke til!