Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
34[1]

Aktivitetsdag med natursti, stafett og triathlon!

Tysdag hadde ungdomsskulen natursti med ti postar, før dei sprang stafett. Me avslutta dagen med triathlon. Mykje godt humør, mange gode prestasjonar og veldig høg stemning med mykje heiing rundt skulen. Ein flott dag!

Lektor2-gjennomføring. Escaperoom!

.Fredag hadde me besøk av ViteMeir for gjennomføringa av Lektor2-prosjektet vårt. Eit samarbeid mellom ViteMeir-senteret og skulen. Me skulle lage eit escaperoom som elevane og ViteMeir skulle prøve ut, og fokuset var matematikkaren Sophus Lie, fotosyntese, olje og fornybar energi. Takk til ViteMeir for eit godt samarbeid og ein fin gjennomføring!

15

Teknologi- og designdag

Fredag 19.2 gjennomførte ungdomsskuleelevane teknologi- og designdagen 2021. Kreativitet og innovasjon er stikkord for denne dagen.