UTESKULE
Onsdag hadde 1.klassen ein fin dag med uteskule. Det var samling med skogen og naturen rundt som tema, spikking av pinnar til pølser og pinnebrød og 4 stasjonar med ulike oppgåver. Rundt bålet vart det grilling. Avslutta med leik.

I dag hadde studentane laga natursti til elevane. Veit de at ei snømus ikkje ser ut som ei mus? Det var noko av det me fekk læra i dag. Det var fint vêr, så me leika, fann pinnar og åt maten ute i skogen.
No har nokre av blada på treet vårt fått haustfargar.
I dag var det samarbeid og landart. Oppgåva var å laga eit bilete med dei 2 bokstavane me har jobba med.
Kreative og flinke ungar, som var stolte av arbeid sitt :)
Heldige oss som har den fine skogen rett ved skulen. Me samla 1.-4.klasse, tok med maten og gjekk inn i skogen. Her leika me, samla kongler og rydda boss. Så åt me maten vår før me gjekk attende til skulen.
1.-4. Klasse hadde ein fin tur til Huldresletta. Mykje fin leik i skogen.