Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
IMG_3889

Våren i 1.klasse

Denne våren og sommaren har me gjort mykje kjekt. Sidan me har vore treige med å oppdatere heimesida, kjem det fleire bileter av det me har gjort denne våren. Me har vore på turar for å sjå kor nokre av dei i klassen bur, vore på museet, hatt utedagar og aktivitetsdagar. 

IMG_7740

Matematikkdag 1.-4. klasse

Onsdag hadde me ein veldig kjekk matematikkdag. 1.-4. klasse var blanda i ulike grupper der alle var gjennom 4 ulike stasjonar i løpet av dagen. Ivrige og engasjerte elevar. Ein kjekk og lærerik dag.

thumbnail_IMG_1067

Skidag

Skidag på Kvernhushaugen i strålande vèr. Det vart både ski, aking, bål og kos denne dagen. Me er heldige som har eit slikt anlegg i nærområdet. 

fc0f315e-3140-4c9e-9ec0-cfa90397b6db

Samane sin dag

6. februar markerte 1. - 4. klasse samane sin dag. Me var ute og hadde ulike aktivitetar. Elevane fekk høyre eventyr, kaste lasso, spele memory, svare på oppgåver og lage landart. Det smakte godt med mat rundt bålet. 

20230310_095609000_iOS

Karneval

Fredagen før vinterferien hadde 1. - 4. klasse karneval. Elevane svinga seg på dansegolvet i flotte kostyme. Ei elevbedrift i 9. klasse serverte nydeleg gode bollar til oss. 

thumbnail_IMG_0948

Den kulturelle skulesekk

Trude Tjensvold kom til oss og hadde ei visuell historieforteljing frå boka "Bo flyttar ut" med elevane i 1. - 4. klasse. Etterpå fekk me vera med å dikte ei historie og teikne til. 

0230170a-5482-4131-b003-42f82de1e81b

Juletregonge

Måndag var heile småskulen samla i gymsalen. Der gjekk me rundt juletreet, song julesongar og dansa ein juledans. Kjekk tradisjon.
7b05d2ac-71b8-46d5-96c9-2f78ae142e2d

Fagdag 1. - 4. klasse

Onsdag hadde me ein kjekke fagdag med aktivitetar på tvers av klassane. Det var 3 stasjonar; JULEGYM - JULEKORT - JULESONG. 
312838375_697033275406137_6775136475088144145_n

Koding og Ipad

Dei to siste vekene har me drive med koding i 1.klasse. Me har koda ved hjelp av bluebot og Ipad.  

313879949_2692992014165088_1528298568857832948_n

Politibesøk

På tysdag hadde me besøk av Polititet. Dei delte ut refleks og refleksvestar til elevane i 1.klasse. Dei hadde gode diskusjonar med fyrsteklassingane om kvifor me nyttar refleks og kor viktig det er at refleksen er på i haustmørket. Takk for besøket!