Vi har hatt ulike heimesider og ulike leverandørar med oss inn i den nye kommunen. No har vi jobba saman på tvers for å utvikle nye, og det vi håpar vert brukarvennlege, nettsider. 

Dette gjeld kommunale barnehagar, SFO-ar og skular. Alle brukar no kommunen sin nettsideleverandør, mellom anna for å sikre at desse vert universelt utforma.

Vi håpar at de som brukarar vert nøgde med dei nye nettsidene, og vi ber om at de gjerne sender innspel viss det er noko de saknar eller som de tykkjer kan verte betre.