Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bjørnehiet SFO

Verdigrunnlag 

Vi ønskjer at det einskilde barn skal få utvikla og styrka sjølvkjensla si, samt respektera og tolerera kvarandre sine ulikheiter. 
 
Vi har eit stort uteområde der det er gode moglegheiter for leik. 
 
Bjørnehiet SFO er ein del av skulen og skal ivareta barnas trong for tilsyn og omsorg i fritida deira. Organiseringa varierer mellom fri leik og gruppeaktivitetar, ulike verkstader, ulike gruppeinndelingar og aldersspreidning. 
 
Vennskap og positive relasjonar skal stå sentralt i Bjørnehiet SFO sin kvardag. Vi skal ha tid for undring og vera nysgjerrige. Saman skal vi gleda oss over små og store ”få det til opplevingar.”
Foto David Vikanes

Foto David Vikanes

Publisert | Oppdatert 04. januar 2021
  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker