Velkommen til Fjærland oppvekstsenter
Oppvekstsenteret ligg i brebygda Fjærland i Sogndal kommune.
Senteret er delt i skule, sfo og barnehage, organisert som ei tenesteeining med felles administrasjon.
Inneverande år er det 18 elevar i skulen og 5 i sfo, medan det er 9 born i barnehagen.
Vår visjon:
Ein god stad å vere, ein god stad å lære!
Skulen og barnehagen ligg fint til attmed fjorden, litt i utkanten av Mundal. Skulebygget er det eldste, frå 1952, men har sjølvsagt vorte modernisert noko opp gjennom åra. På 70-talet vart det oppført gymnastikkbygg med tilhøyrande symjebasseng, medan ny barnehage stod ferdig i 1996. Elles har vi både idrettsbane og lysløype som næraste naboar.
Sist oppdatert

Fjærland oppvekstsenter
Fann du det du var på jakt etter?
Fjærland oppvekstsenter