Sogndal kommune gjer dette for å støtta opp om dei forsterka nasjonale smitteverntiltaka som vart innførte 4. januar.

I tråd med anbefalingane frå regjeringa går ungdomsskulane og Sogndal opplæringssenter over til raudt nivå. Ungdomsskulane vil primært ha undervisning fysisk på skulane, men Kvåle skule vil ha rullering av grupper som får heimeundervisning grunna arealbehov. Sogndal opplæringssenter vil ha digital heimeundervisning dei to første vekene i januar.

Informasjon vil bli gjeve frå den einskilde skulen direkte til elevar og føresette.