Tilgjengelegheitserklæring for sogndal.kommune.no

  • sogndal.kommune.no
  • SOGNDAL KOMMUNE, organisasjonsnummer 922 121 893
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 6 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
SOGNDAL KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på sogndal.kommune.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det kan vera bilete og grafiske element på nettsida og i dokument publiserte på nettsida som ikkje har alternativ tekst. Me jobbar med rutinar og opplæring for å sikra at det blir lagt inn alternativ tekst. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre eldre førehandsinnspelte videoar er utan teksting. Desse har ikkje aktuelt innhald knytt til tenestene i kommunen. Me har opptak av kommunestyremøte innebygd på nettsida frå youtube. Det er ein stor byrde å teksta møta manuelt, og me meiner automatisk teksting ikkje er god nok på vestlandsdialektar.  Me ser på løysingar for korleis me kan løysa kravet om teksting.

Tilgjengelege alternativ

Møteprotokollen frå dei politiske møta gjev ein enkel gjennomgang av det som går føre seg i møtet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Direktesende politiske møte som blir liggande som opptak er ikkje synstolka, men møteleiarane synstolkar ved at dei forklarer kva som skjer, til dømes ved avstemmingar.

Tilgjengelege alternativ

Møteprotokollen frå dei politiske møta gjev ein enkel gjennomgang av det som går føre seg i møtet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I enkelte dokument som ligg på nettstaden som pdf, kan det vera mellomtitlar som ikkje er koda som titlar, og tabellar/lister som ikkje er rett koda.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Me har ikkje fått testa nettstaden for krav 1.4.11 og må difor ta høgde for at det kan vera innhald som bryt med dette kravet.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er i nokre tilfelle bruk iframe-elementet i koden, der iframe ikkje har ein ledetekst som identifiserer innhaldet. Me jobbar med å retta dette.


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

I digitaliseringsstrategien til Sogndal kommune har me understreka at innbyggarane sine behov skal stå i sentrum for utviklinga av det digitale tenestetilbodet vårt. Å sikra universell utforming er ein viktig del av dette arbeidet.

Me jobbar for å auka kunnskapen blant dei tilsette i kommunen om krava. Viss me skal lukkast i arbeidet med universell utforming, er det også viktig skapa forståing for kvifor dette er viktig for brukarane av nettstadane våre.

Me stiller krav til leverandørar for å sikra at dei kan levera løysingar som er i tråd med krava til universell utforming.