Her finn du gardskart 

Feil i gardskart? Meld i frå seinast 20. juni 

Er gardskartet feil, eller du har nydyrka  eller liknande, må du melde i frå til kommunen seinast 20. juni. Du melder i frå ved å sende kart, der arealet du vil ha endra er teikna inn. Kart med innteikna endringar, sender du på e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller i posten. Treng du hjelp til å skrive ut kart, kan du kome innom eitt av tenestetorga.  

Kvifor frist? 

Kommunane har frist til å oppdatere gardskartet i slutten av august. For at vi skal rekke synfaring, oppmåling og oppdatering i kart, må du sende kart innan 20. juni. Innmarksbeite bør også synfarast tidleg i vekstsesongen, for å vurdere krav til beitetolande urter og gras. Seinare på hausten kan plantane tape seg, og du kan risikere å ikkje få godkjendt innmarksbeitet ditt. 

Kva om eg melder i frå om endring av areal etter fristen? 

For å vere sikker på å få areala registrert i gardskartet, same år som endringa skjer, må du melde i frå seinast 20. juni. Dersom du melder i frå etter fristen, risikerer du at gardskartet ikkje vert oppdatert før neste år.   

Har du spørsmål?