Veg, park, brøyting og strøing

For at me skal få best mogleg oversikt og kunne retta feil og manglar på ein effektiv måte, er det viktig at meldingar om feil og manglar blir gitt i det digitale meldesystemet på nettsida til kommunen. Dersom du ikkje kan få gjort det sjølv, kan du ta kontakt med innbyggartorget (tlf. 57 65 25 00).

Gå til meldeskjema

Meldinga du sender inn i meldeskjema på nettsida til kommunen, blir automatisk vidaresend til rett avdeling i Sogndal kommune og teken med i prioriteringa vår av arbeidsoppgåver.

Feil på fylkesvegar må meldast til fylkeskommunen og feil på europa- og riksvegar til Statens vegvesen

Informasjon om brøyting og strøing

Gatelys

Meld om feil på gatelys

Meldingar om feil på gatelys blir samla opp slik at arbeidet kan gjerast effektivt. Likevel er det i perioden frå oktober til april sett ein frist på ein månad for å ordna feil. Dette gjeld enkle jobbar der det berre er snakk om skifte av pærer. Skifte av lyspærer langs riksvegen er ein større jobb som krev bruk av ledebil, og kjem difor ikkje inn under ein månads-fristen. Gater med mindre enn fem mørke lamper vert ikke sett på som akutt.

Vatn og avløp

Meldingar som gjeld vatn og avløp kan du senda til postmottak@sogndal.kommune.no eller til innbyggartoget på telefon 57 65 25 00