Frist for å komme med merknadar er sett til 20.06.2024.

 

Vedtak i plan- og samfunnsutvalet 24.04.2024

«Framlegg til detaljreguleringsplan for Amla bustadfelt med plankart og føresegn dagsett 02.02.2024 vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. Som premiss for det vidare planarbeidet og før endeleg vedtak skal følgjande ligge til grunn:

1. Vurdere meir samanhengande areal til anlegg for gåande og syklande

2. Vurdere alternativ til tilkomst, parkering og tomteinndeling som tek i vare landskapet og tilpassing til omgjevnad betre 

3. Illustrasjonar i tråd med plankart og føresegn

4. VAO-plan godkjent av eining for VA i Sogndal kommune

5. Sikre tilstrekkelege rekkefølgjekrav til opparbeiding av leikeplass, friområde, stiar, veg, parkering, anna veggrunn og fortau

6. Relevante eksisterande eigedomsgrenser vere klargjort og lagt til grunn i løysingar i planen

Grunngjeving for vedtaket: Vedtakspunkta er noko generelle grunna at me meiner det er fornuftig å klargjere kva som er naudsynt i dialog med tiltakshavar og inkludere merknadar i høyringsperioden. Me vurdera at hovudgrepet med einebustadar, ein firemannsbustad og plassering av hovudtilkomst er basert på eit kunnskapsgrunnlag som i stor grad søker å ta i vare viktige tema som landskapet og tilpassing til resten av Amla. Det er manglar knytt til samanhengande areal til gåande og syklande, vurdering av alternativ med omsyn til landskapet, illustrasjonar, VAO-plan og kunnskap om eksisterande eigedomsgrenser. Desse tema søker me å ta i vare betre ved revidering seinare i planprosessen. Samla sett er reguleringsplanen i tråd med gjeldande arealdel til kommuneplan. Me støttar arealbruk og hovudgrepa i planen. Me vurdera at planframlegget er godt nok utgreidd og at det er godt nok til å sendast på høyring med oppfølging av vedtakspunkt knytt til enkelte tema.»

 

Kort om planen
Asplan Viak har utarbeida reguleringsplanen på vegne av Rolf Horge. Denne reguleringsplanen er ei oppfølging av vedteke arealbruk på kommuneplannivå. Planområdet er mykje mindre no enn det som var skissert ved varsel om oppstart i august 2022. Det vert lagt til rette for fortetting med 8 nye einebustadar og 1 ny firemannsbustad, friområde og leikeplass. Planen legg også til rette for utviding av Øvre Amla veg til 4,5 meter bredde, etablering av rundkøyring og fortau ved kaien. Parkering vert føreslått løyst på eigen tomt og i to parkeringsfelt midt i planområdet. Det vert og regulert mellombels areal til rigg og anleggsområde hovudsakeleg sør for Øvre Amla veg.

 

Plankart:



Innsyn i plandokumenta

Alle dokument finn du i den politiske saka, trykk vidare på detaljreguleringsplan for Amla bustadfelt, vel vedlegg og vel dokumentet du vil sjå. I hovuddokument (saksutgreiing) kan du lese kommunen si vurdering av saka. I saksprotokoll finn du sjølve vedtaket. Det er berre føresegner og plankart som vert juridisk bindande i ein reguleringsplan, og dette er difor dei viktigaste dokumenta. Illustrasjon er berre eit eksempel på korleis ein kan utvikle området.  

Plankart med føresegner og planomtale kan skrivast ut eller sjåast på kommunehuset i Sogndal, Gravensteinsgata 17. Opningstida 10:00-14:00. Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de kontakte tenestetorget på tlf. 57 62 96 00. 

 

Merknadar

Du kan no sende inn merknad til planen. Merknadsfrist er sett til 20.06.2024. Alle merknadar skal sendast skriftleg til postmottak@sogndal.kommune.no eller med brev til Sogndal kommune, postboks 153, 6851 Sogndal.

Etter høyringsperioden vil me sende merknadar til tiltakshavar for vurdering og eventuelt revidere planen. Alle merknadar vil vere vedlagt saka når politikarane handsamar planen neste gong. Du vil sjå tiltakshavars og planavdelinga si vurdering av di merknad i den politiske saka når planen vert lagt fram for vedtak i kommunestyret. 

 

Har du spørsmål? 
Spørsmål kan rettast til:

Arealplanleggjar i Sogndal kommune:
Linnea Hellstrøm, linnea.hellstrom@sogndal.kommune.no 

Tlf. 468 82 975