Velkommen til nyoppussa musikkbinge

Musikkbingen på Leikanger har fått seg eit skikkeleg løft.

Musikkbingen på Leikanger har fått seg eit skikkeleg løft.

Øvingslokalet på Leikanger, sentralt plassert i sentrum på nedsida av vegen ved Henjaelvi, fyller i år 15 år. Og då var det på tide med ei oppgradering.

Både for unge og erfarne

Rom med lysegule veggar og musikkutstyr.

- Rommet har fått ein meir moderne utsjånad, i tillegg har me fått ny lydmiksar og diverse anna utstyr, fortel Tor Talle, kultur- og ungdomsarbeidar i Sogndal kommune, med særleg ansvar for Leikanger.

Musikkbingen er utstyrt med trommesett, gitarforsterkarar, bassforsterkar, keyboard, lydanlegg, gitar og bassgitar.

Talle, som også har starta opp ungdomsklubben på Leikanger, frå denne hausten i heilt nye lokale på Saften, håper musikkbingen vil bli mykje brukt framover, både av unge og meir erfarne musikarar.

- Viss det er nokon som treng litt hjelp eller råd for å koma i gang, er det berre å ta kontakt. Eg er mellom anna å treffa på ungdomsklubben på onsdagar, seier Talle.

Tre musikkbingar i kommunen

Blide av Tor Talle som står ved eit notelinje-gjerde.

Tor Talle, kultur- og ungdomsarbeidar i Sogndal kommune.

Me har tre musikkbingar i Sogndal kommune. Desse finn du på Leikanger, Kaupanger og i Balestrand.

Sist oppdatert

Nyoppussa rom med mørke veggar og mykje musikkutstyr

Musikkbingen har både fått eit løft både på det visuelle og på utstyrssida. (Foto: Tor Talle)

Rom med noko musikkutstyr og lysegule veggar.

Slik såg musikkbingen ut før oppgraderinga. (Foto: Tor Talle)

Mann i svart jakke som ser inn i kamera.

Tor Talle, kultur- og ungdomsarbeidar i Sogndal kommune.

Fann du det du var på jakt etter?