Ledige stillingar i Sogndal kommune
Velkomen som søkjar til stillingar i Sogndal kommune. Så fint at du er interessert. Me håpar at du vil finna ei stilling som du har lyst å søkja på.
Ledige stillingar i Sogndal kommune Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
På nettsida sogn.no Lenke til et annet nettsted. kan du lesa meir om kva som gjer Sogn til ein god plass å bu og arbeida.
Er du interessert i fleire stillingar, må du senda ein søknad per stilling.
Det er ikkje naudsynt å senda kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verta offentleggjort, må du grunngje dette. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25 Lenke til et annet nettsted.. Du vil då verta varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkja søknaden din.
Fleire av stillingane krev at det vert levert politiattest. På heimesida til politiet Lenke til et annet nettsted. kan du lesa om politiattest/vandelsattest og finna søknadsskjema.
På nettsida Framtidsfylket.no Lenke til et annet nettsted. kan du finna spennande jobbar i heile Sogn og Fjordane.

Mælen (Foto: Anja Hamre)
