No lyser vi ut konkurransen på nye omsorgsbustader

Sogndal kommune er inne i ein viktig prosess for å utvikle helse- og omsorgstenestene våre. I åra som kjem vil vi møte fleire og meir samansette behov, samstundes som vi må bruka ressursane på ein berekraftig måte. Difor arbeider vi no med å fornya og omorganisera delar av bustadtilbodet, slik at vi kan sikra trygge, gode og framtidsretta løysingar – både for bebuarar og tilsette.

No har vi lyst ut konkurransen om kjøp av nøkkelklare omsorgsbustader, og vi ser fram til å høyra frå potensielle tilbydarar.

Kva gjer vi innkjøp av?

Kommunen ønskjer å kjøpe mellom 16 og 20 nøkkelferdige bueiningar, fordelte på to konsept. Eitt konsept skal ha tilgang på sentrumsfunksjonar i Sogndal, medan det andre har opning for fleire moglege plasseringar. Begge konsepta skal ha fellesareal og personalbase, og vi ønskjer løysingar som er heimelege, robuste og universelt utforma – med god kvalitet og tilrettelagde for gode driftsløysingar.

Det er ikkje eit krav at same leverandør leverer begge konsepta – dei vil bli vurderte kvar for seg.

Slik fungerer konkurransen

Vi gjennomfører anskaffinga som ein konkurranseprega dialog. Det betyr at vi startar med å invitera leverandørar til å melda interesse, og så går vi i dialog med dei som blir kvalifiserte – før vi ber om endelege tilbod.

Prosessen skjer i tre steg:

  • Kven vil vera med? Leverandørar melder interesse, og kommunen vel ut dei som oppfyller krava til å delta vidare.
  • Dialog om løysingane: Vi har møte med leverandørane der vi snakkar gjennom behov, moglegheiter og alternative løysingar. Målet er at både kommunen og leverandørane skal få eit best mogleg grunnlag før endelege tilbod.
  • Endelege tilbod: Når vi har fått avklart løysingane gjennom dialogen, ber vi leverandørane levera endelege og bindande tilbod.

Sist oppdatert

Tommestokk bretta som eit husomriss holdt fram av ein arbeidskar i blå hjelm

Les meir om anskaffinga

Utlysinga ligg på Doffin. Der finn du all informasjon om konkurransen, fristar og korleis du går fram for å delta om du er tilbydar: (doffin.no Lenke til et annet nettsted.)

Fann du det du var på jakt etter?