Framdrift for den nye arealplanen for Sogndal kommune

Kommuneplanen sin arealdel, eller arealplanen som me kallar han i Sogndal kommune, har vore under bearbeiding sidan kommunestyret vedtok endringar i planen 31.03.2024. Arealplangruppa, som er nedsett av kommunestyret, har saman med administrasjonen lagt ein oppdatert framdriftsplan for arbeidet framover.

Kartutsnitt av Sogndal kommune med Jostedalsbreen i nord og Sognefjorden i sør

Oppsummert skal administrasjonen ferdigstille planutkastet dei neste vekene før Utval for plan og samfunn og Formannskapet får saka til handsaming i januar. Deretter vert planutkastet sendt på ei avgrensa høyring til regionale etatar i seks veker.

Når høyringa er over vil me ha oversikt over kva motsegner som er fremja mot planen. Då tek den politiske arealplangruppa stilling til motsegnene og går i dialog med Statsforvaltaren og dei andre regionale etatane. Dersom partane vert einige, kan kommunestyret handsame planen. Dersom det framleis heftar motsegner ved planen, vert det halde mekling om motsegnene. Om meklinga ikkje fører fram går planen til endeleg handsaming og avgjerd i Kommunal- og distriktsdepartementet.

Endringane som er gjort tilseier ikkje at planen skal leggast ut på eit nytt offentleg ettersyn, og det nye planutkastet vil derfor berre bli sendt til dei regionale høyringsinstansane. Plandokumenta vil uansett verte offentlege, og vil vere tilgjengelege i postlista til kommunen og på utfordrarbygda.no. Det er ikkje opna for nye merknader til planen på dette tidspunktet.

Prosjektleiar for arealplanen vil i 2026 vere Arne Abrahamsen.

Sist oppdatert

Framdriftsplan

Vekenr.

Datoar

Oppgåve

Ansvar

51

15. - 19. des

Ferdigstille utkast til føresegnene og plankartet

Administrasjonen

52

22. - 26. des

Jul

 

1

29. des - 2. jan

Ferdigstille revidert planomtale

Oppdatere konsekvensutgreiing

Administrasjonen

2

5. - 9. jan

Kvalitetssikring av føresegner av ekstern ressurs*

Ekstern konsulent

2 og 3

5. - 16. jan

Ferdigstille føresegner

Kvalitetssikring av alle plandokument

Administrasjonen og ekstern konsulent

3

12. - 16. jan

Utsending av politisk sak om avgrensa høyring til UPS og FOR innan 14.1

Administrasjonen

4

19. - 23. jan

Utval for plan og samfunn 21.1

UPS

5

26. - 30. jan

Formannskap 29.1

FOR

5

26. - 30. jan

Oppfølging av vedtak; sende arealplanen på avgrensa høyring til regionale etatar

Administrasjonen

6 - 11

2. feb - 13. mar

Avgrensa høyring i 6 veker*

Regionale etatar

12 - 13

16. - 27. mar

Handsaming av høyringsuttaler

Administrasjonen

14

30. mar - 6. apr

Påske

 

15

7. apr - 10.apr

Handsaming av høyringsuttaler

Administrasjonen

16

13. - 17. apr

Handsaming av motsegner i politisk arealplangruppe

Arealplangruppa/ Administrasjonen

17 og vidare

20. - 24. apr

Dialog på administrativt nivå om mindre/tekniske motsegner

Administrasjonen

17 og vidare

20. - 24. apr

Dialog på politisk/toppleiarnivå om motsegner

Arealplangruppa/ Administrasjonen

 

 

Stadfesting frå regionale etatar av at motsegner er trekte/imøtekomne

Administrasjonen /regionale etatar

 

 

Førebuing av politisk sak

Administrasjonen

 

 

Handsaming i UPS og FOR

UPS og FOR

 

 

Ev. mekling om attståande motsegner

Administrasjonen /regionale etatar

 

 

Slutthandsaming i KOM

KOM

 

 

Ev. handsaming i kommunal- og distriktsdepartementet

Kommunal- og distriktsdepartemetet

 

 

Oppfølging av vedtak, endring av plandokument

Administrasjonen

 

 

Kunngjering av planen

Administrasjonen

*framdrifta er avhenging av kapasitet hjå ekstern konsulent, og at regionale etatar sender høyringsuttale innan fristen

Fann du det du var på jakt etter?