Velkomen til arbeid med fritidserklæring
- du kan vere med og gjere ein forskjell!
Bli med i arbeidet mot utanforskap for barn og unge! Alle barn og unge treng ein stad å høyre til. Likevel er det mange som ikkje får delta i fritidsaktivitetar, ofte på grunn av barrierar vi kan gjere noko med - saman.
Sogndal kommune inviterer difor til felles innspelsøkt for å lage ei lokal fritidserklæring. Dette er ei forpliktande intensjonserklæring mellom kommune, lag, organisasjonar og politiske aktørar, med mål om å sikre at fleire barn og unge får moglegheit til å delta i fritida.
Hovudmålet er klart:
Alle barn og unge i Sogndal kommune skal ha reell moglegheit til å delta i minst éin organisert fritidsaktivitet.
Vi inviterer lag og organisasjonar, politikarar, tilsette i kommunen og alle som jobbar med barn og unge til å delta i arbeidet om ein felles fritidserklæring. Saman kan vi skape meir inkludering og mindre utanforskap.
Me er så heldige at Ingibjörg Jónasdóttir frå ALLE MED skal halde innspelsmøta saman med oss. Arbeidsgruppa samarbeider med - Nasjonal dugnad mot fattigdom og utenforskap blant barn og unge (NDFU)- og nytter verktøyet ALLE MED i prosessen fram mot ei lokal fritidserklæring.
Arbeidet skjer i to delar:
Del 1 – Innspelsøkt (denne invitasjonen). Vi samlast for å dele erfaringar og identifisere barrierar for deltaking i fritidsaktivitetar. Saman ser vi på kva kommune, lag, organisasjonar og politikarar kan gjere for å redusere desse barrierane.
Del 2 – Felles mål og intensjonserklæring. På bakgrunn av innspel og nasjonale og regionale føringar, utarbeider vi felles mål og ei lokal fritidsserklæring som vi ønskjer at flest mogleg sluttar seg til og skriv under på.
Set av datoen og bli med ei av på innspelsøktene:
- Sogndal: torsdag 26. februar - kl 18-2030 Blaoboxen, Sogndal kulturhus
- Leikanger: torsdag 5. mars kl 18-2030 - Frivilligsentralen Saften
- Balestrand: måndag 9. mars kl 18-2030 - Balestrand Holmatunet
- Kaupanger: 19 mars kl 18-2030- Klubblokalet Kaupanger
Påmelding fortløpande: Meld deg på her Lenke til et annet nettsted.
Dei som er med å skal utarbeide ei lokal fritidserklæring i Sogndal kommune er:
- Linda Mathisen - fritidskoordinator
- Ingrid A - samfunnsutviklar
- Jarle Teo - rådgjevar oppvekst
- Silje Fimreite- rådgjevar folkehelse
- Katrine Sørum – rådgjevar helse
- Håvard E Eliassen - kultursjef
- Mariann K. Thorsnes - Balestrand Frivilligsentral og Fjordljos 4H
- Glenn Orkelbog- Kaupanger Speidergruppe
- Christian Frøyd - Råd for menneske med nedsett funksjonsevne og Norsk forbund for utviklingshemmede (NFU)
Spørsmål?
Hvis du har spørsmål eller idear, kan du kontakte Linda Mathisen, fritidskoordinator i Sogndal kommune.
Beste helsing
Linda Mathisen, Fritidskoordinator Sogndal kommune
Linda.mathisen@sogndal.kommune.no
Tlf. 47 50 77 49
Sist oppdatert
Andre nyttige lenker
- Mal for fritidserklæring Lenke til et annet nettsted.
- Nasjonal fritidserklæring med samarbeidspartar - Fritidserklæringen Lenke til et annet nettsted.
- Fritidserklæringa Vestland - Vestland fylkeskommune Lenke til et annet nettsted.
- Meir informasjon om fritidserklæringa og korleis jobbe med ALLEMED Lenke til et annet nettsted.
Eksempel frå andre kommunar:

