Bli med på arbeidet med Fritidserklæringa!
Me ynskjer deg og din organisasjon med på laget!
Målet med Fritidserklæringa er at alle born, uavhengig av foreldra si sosiale og økonomiske situasjon, skal ha moglegheit til å delta jamleg i minst éi organisert fritidsaktivitet.
No er tida inne for å styrkje dette arbeidet i kommunen vår!
Kvifor er dette viktig?
- Alle born har rett til ein god oppvekst med ei meiningsfull fritid.
- Fritidsaktivitetar gir meistring, fellesskap og trivsel.
- Forsking viser at mange born ikkje deltek på grunn av barrierar – ofte økonomiske.
- Delen born og unge som veks opp i låginntektsfamiliar er aukande.
Vi må samarbeide for å bryte barrierane og sikre at alle born får oppfylt retten sin til leik og fritid.
Kven kan gjere ein forskjell?
- Tilsette i kommunen
- Lag og organisasjonar
- Alle som møter born og familiar i kvardagen
Saman kan vi byggje bruer inn i fritidsaktivitetar og skape inkluderande fellesskap.
Slik går vi fram
2025: November–Desember
- Vi startar arbeidet med å lage ei lokal fritidserklæring.
- Ei arbeidsgruppe blir sett saman av fleire kommunale einingar og representantar frå lag og organisasjonar.
2026: Januar–Mars
- Vi inviterer til ein tverrfagleg dugnad der vi brukar dialogverktøyet ALLEMED.
- Målet: Skape medvit, finne løysingar og sikre at alle born og unge får delta i fritidsaktivitetar.
Stad og dato for dugnaden blir publisert på kommunen si heimeside og sendt direkte til lag og organisasjonar.
Om ALLEMED:
- Gratis verktøy for å auke medvitet om fattigdom og utanforskap.
- Hjelper oss å jobbe inkluderande og få alle med.
Les meir på: www.allemed.no Lenke til et annet nettsted.
👉 Korleis vert du med?
Send ein e-post til fritidskoordinator Linda Mathisen: linda.mathisen@sogndal.kommune.no
Deretter kan du registrere din organisasjon på ALLEMED og start opp arbeidet i din organisasjon her.
ALLEMED – Bli med på den nasjonale dugnaden! Lenke til et annet nettsted.
Inspirasjon og ressursar
Her kan du sjå Vestland fylkeskommune si fritidserklæring:
Fritidserklæringa Vestland - Vestland fylkeskommune Lenke til et annet nettsted.
Og dei 11 tiltaka som fylkeskommunen vil arbeide vidare med:
Fritidserklæringa Vestland - Vestland fylkeskommune Lenke til et annet nettsted.
Video: https://youtu.be/HgjAMI9Q9Xk Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert


Kontakt
Linda Mathisen - Fritidskoordinator i Sogndal kommune.
E-post: linda.mathisen@sogndal.kommune.no
Telefon: 47 50 77 49
