Parkeringsendringar ved Trudvang skule
I samband med bygginga av nye Trudvang skule vil parkeringsplassane langs Murbygget bli avstengde frå og med veke 50.
Området vert sikra med byggegjerde, og parkeringsplassane vil vere stengde under heile byggeperioden. Når den nye skulen står ferdig, vert desse parkeringsplassane avvikla permanent.
Tilgjengelege parkeringsplassar:
- 5 plassar + 1 HC-plass i midtrabatten vil framleis vere opne. Desse er tiltenkt besøkande til legevakta.
- Maks parkeringstid: 2 timar mot avgift.
- Parkeringsautomaten som var plassert ved murbygget vil verta flytta nærare inngangen til legesenteret for enklare tilgang.
Alternative parkeringsløysingar:
- Parkeringskjellaren under Sogndal helse- og omsorgssenter (SHOS): Innkøyring frå Dalavegen (Er skilta med P-hus) Her er det framleis god kapasitet, og det er enkel tilkomst til alle etasjar via både trapp og heis. Det er og 4 reserverte HC plassar og 4 ladeplassar i P-huset.
- Dalevegen 2: Ute parkering og i parkeringshuset.
- Langtidsparkering:
- Øyane (Granden)
- P-taket ved Sjøkanten (Stedjevegen 38)
Vi beklagar dei ulempene dette kan medføre for innbyggjarar og besøkande, og ber om forståing for at endringane er nødvendige for å realisere den nye, flotte sentrumsbarneskulen i Sogndal. Dette prosjektet vil gje eit moderne og framtidsretta læringsmiljø for komande generasjonar.
Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?
