Tømmedag blir endra

Frå dette året vil ikkje tømmedag for bosdunkane vera same dagen i veka heile året. Første forskyvinga vil skje no etter påske.

Dette året går SIMAS over til forskyvd tømmekalender, og ved første raude dag i påska 2026 vil kalenderen bli endra.

SIMAS anbefalar deg som har smarttelefon å lasta ned appen MinRenovasjon Lenke til et annet nettsted., eller bruka søkefelt på framsida av simas.no slik at du har full oversikt over tømmekalenderen din. Dersom du skriv ut kalenderen, vil du ikkje få oppdateringar i sanntid, dersom dei på kort varsel må gjere endringar i tømmeplan.

Ved endringar vil SIMAS senda sms-varsel og den digitale kalenderen på heimesida eller i appen blir automatisk oppdatert.

Sist oppdatert

Bilde av nettsida til SIMAS

(Foto: SIMAS)

Fann du det du var på jakt etter?