Invitasjon til dialogmøte

20. mai 2026 inviterer Sogndal kommune til dialogmøte for pårørande til barn, ungdom og vaksne med funksjonsvariasjon.

Ein illustrasjon som syner fjell, fjord, Kviknes hotel, skrivareiki og Loftesnesbrui.

Dialogmøtet vert arrangert i samarbeid mellom Koordinerande eining i kommunen og NFU Sogndal og Vik lokallag.

Tid: 20. mai frå kl. 18:00-20:00
Stad: Blaoboxen, Kulturhuset i Sogndal. Streaming til møterom på frivilligsentralen sitt møterom på Holmatunet i Balestrand.

Tema for kvelden er tilrettelagt aktivitet og fritid:

  • Orientering om Pårørandetreff i Sogndal
  • Fritidserklæringa til Sogndal kommune, orientering frå fritidskoordinator Linda Mathisen.
  • Innlegg frå Varius i Balestrand, Bjørge Eikelund.
  • Innlegg frå NFU
  • Innlegg frå Autismeforeininga, Sogn og Fjordane lokallag
  • Innlegg frå aktivitetsguide Hedda Romberg
  • Drøfting rundt fritidsaktivitetar;
    • Kva hindrar deltaking, kva gjer det lettare?
    • Inkludering i ordinære aktivitetar eller eigne tilrettelagde aktivitetar?

Vel møtt!

Koordinerande Eining, Eli Skrede (Tlf: 46840078) og Anne Kjersti Rygg (Tlf: 475 11 027)

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?