250 seksåringar samla til Barnehagerock 2026

Fredag 22. mai var 250 seksåringar frå regionen samla i sentrumsparken i Sogndal til Barnehagerock 2026.

Bjørnis og Sophus opptrer på scene utanfor kommunehuset

Bjørnis og Sophus

Publikum var tidleg ute, og dei vart ustyrt med festivalband og T-skjorter. Regionrådsleiar og Sogndalsordførar Stig Ove Ølmheim opna årets Barnehagerock, før det vart god underhaldning frå scena ved Bjørnis & Sophus, Odd Tore & Alva, BliMe-dans ved Synne og VitenShow frå ViteMeir.

Publikum ved barna og barnehagetilsette kosa seg på festivalen, og var veldig godt nøgde med årets Barnehagerock. 

Dette var andre gang Barnehagerock vart arrangert, men fyrste gongen barnehagane frå heile regionen deltok.

Takk til artistane som gjorde dette til ei minnerik oppleving.

Me gler oss alt til neste år!

Sist oppdatert

Bjørnis omringa av barnehagebarn

Bjørnis

Fann du det du var på jakt etter?