Fritidskassa er no open for søknader
Sogndal kommune ønskjer å leggje til rette for at alle barn og unge skal få høve til å vere del av eit fellesskap. Deltaking i fritidsaktivitetar er viktig for trivsel, meistring og inkludering – og økonomi skal ikkje vere til hinder for dette.
Me kan med stor glede melde om at fritidskassa for Sogndal kommune no er open for søknader.
Takk til våre samarbeidspartnarar
Ordninga er mogleg takka vera gode bidrag frå fleire aktørar:
- Luster Sparebank, 100 000 kroner
- Sparebankstiftelsen Sogn og Fjordane, 200 000 kroner
- Bufdir: 90 000 kroner
Sist oppdatert

(Illustrasjonsfoto: Mariann Skau)
Fann du det du var på jakt etter?
