Kokevarsel for drikkevatn oppheva

Sogndal kommune opphevar tilrådinga om koke drikkevatnet i delar av Sogndal.

Området som er omfatta av koketilråding er Kringla, Leite (frå Kjeldeteigen til Nes, inkludert Navarsete), Kvåle og Fosshaugane

Sogndal kommune opphevar tilrådinga om koke drikkevatnet i delar av Sogndal.

Melding er sendt direkte til råka abonnentar.

Den 4. juni vart det påvist bakteriar (intestinale enterokokkar) i ei rutineprøve av drikkevatnet. Kommunen innførte difor kokevarsel for områda Kringla, Leite (frå Kjeldeteigen til Nes, inkludert Navarsete); Kvåle og Fosshaugane.

Sogndal kommune har gjennomført analysar og tiltak i anlegget, og vurderer at ein med stort sannsyn har funne årsaka til dei tidlegare prøveresultata. Oppfølgingsprøvar viser no ingen indikasjon på påviste bakteriar, og at drikkevatnet i område tilfredsstiller krav til kvalitet og er trygt å bruke som normalt.

Kommunen takkar alle råka abonnentar for at ein har følgt tilrådinga og vist forståing for situasjonen.

Sist oppdatert

Kart som syner det aktuelle området

Området som var omfatta var Kringla, Leite (frå Kjeldeteigen til Nes, inkludert Navarsete), Kvåle og Fosshaugane.

Fann du det du var på jakt etter?