Statusoppdatering om drikkevassforsyninga i Hodlekve
Vi ønskjer med denne orienteringa å informere om status i arbeidet og kva tiltak som er sette i verk.
Arbeid med nye grunnvasskjelder
For å finne nye og betre vasskjelder har kommunen gjennomført prøveboring av fire borehol. To av borehola gav ikkje tilfredsstillande vassmengde eller vasskvalitet og er derfor avslutta.
Dei to andre borehola har vist lovande resultat. Desse vil no bli prøvekøyrde med kontinuerleg pumping i om lag seks månader. Målet er å dokumentere at dei kan levere tilstrekkeleg vassmengde og stabil vasskvalitet over tid før det kan takast stilling til vidare bruk.
Samtidig planlegg kommunen å bore ytterlegare fire borehol. Bakgrunnen er at framtidig utbygging av Hodlekve hyttefelt vil krevje større kapasitet enn dagens vassforsyning kan levere.
Forbetring av dagens vassbehandling
Parallelt med arbeidet med nye vasskjelder har kommunen gjennomført fleire tiltak for å forbetre reinsinga av vatnet frå dagens vasskjelde. Tiltaka har gitt gode resultat, og analysar viser ei vesentleg forbetring av vasskvaliteten samanlikna med tidlegare.
Sjølv om utviklinga er positiv, står vi framleis overfor nokre utfordringar som må løysast før vi kan oppheve kokevarselet. Kommunen følgjer situasjonen tett og arbeider vidare med både tekniske løysingar og dokumentasjon for å sikre at drikkevatnet oppfyller alle krav til tryggleik og kvalitet.
Vidare arbeid
Arbeidet med både nye grunnvasskjelder og optimalisering av dagens vassbehandling vil halde fram dei komande månadene. Kommunen vil informere abonnentane fortløpande når det er nye resultat eller viktige endringar.
Vi takkar alle abonnentane for tolmodet og forståinga medan dette arbeidet pågår.
Sist oppdatert
