Born som leiker

Bli ein del av det nye fagmiljøet i Sogn Barnevern

Å arbeide i barnevernet handlar om å vere der når barn, unge og familiar treng det som mest.

Gjennom relasjonar, fagleg tryggleik og godt samarbeid bidreg du til å skape endring, håp og nye moglegheiter for menneske i krevjande livssituasjonar.

Arbeidet er variert, utfordrande og meiningsfullt. Du får bruke fagkompetansen din til å gjere viktige vurderingar, finne gode løysingar og bidra til at barn og unge får ein tryggare kvardag. Samtidig blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der samarbeid, utvikling og støtte frå kollegaer står sentralt.

Frå 1. januar 2027 blir kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal samla i ei felles barnevernsteneste - Sogn Barnevern.

Dette gir eit større fagmiljø, breiare kompetanse og gode moglegheiter til å vere med og utvikle framtidas barnevern i regionen.

Me har no ledig to spennande stillingar:

Begge stillingane gir høve til å arbeide i eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, tett samarbeid og eit felles mål om å skape trygge oppvekstvilkår for barn og unge.

Klikk deg inn og les meir om dei to stillingane, og finn den som passar best for deg.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?